flyttemelding!!!

eg har flytta på meg.
no kan du finne meg på:

http://rosaaprikos.blogspot.com

ut och fynda!





i <3 freepstar

vulkanhelvete/ helvetevulkan

torsdag gikk lufta ut av sigrid-ballongen, og alt på grunn av ein svær sky som ein vulkan på island hadde spydd ut. noko så absurd. eg skulle få besøk av to av mine aller beste venninner, men slik blei det altså ikkje, for all flytrafikken stansa opp. eg hadde aldri trudd at eit vulkanutbrot skulle kunne ha ein slik effekt på heile europa, men slik er det altså, og det er det ikkje noko eg kan gjere noko med.
men eg hadde trengt besøk. nokon å prate ordentleg med. mine venar, liksom, dei som kjenner meg. lufta gikk heilt ut, det gjer vondt i magen, det har det gjort sidan torsdag, fjerde dagen er snart over, fortsatt med gråt i halsen, ting stoppa berre heilt opp. det har ikkje starta igjen.
og alt på grunn av ein jævla vulkan på ei lita øy langt utti havet. så absurd.

vi var sjeler på den samme kurs

Just A Perfect Day,
eat candy floss In The Park,
And Then Later, I need diet coke, 
We Go Home.
Just A Perfect Day,
see the statue of liberty
Then Later, some south park, Too,
And Then Home.

Oh It's Such A Perfect Day, 
I'm Glad I Spent It With You.
Oh Such A Perfect Day,
You Just Keep Me Hanging On,
You Just Keep Me Hanging On.

Just A Perfect Day,
Problems All Left Alone,
Weekenders On Our Own.
It's Such Fun.
Just A Perfect Day,
You Made Me Forget Myself.
I Thought I Was Someone Else,
Someone Good.

Oh It's Such A Perfect Day, 
I'm Glad I Spent It With You.
Oh Such A Perfect Day,
You Just Keep Me Hanging On,
You Just Keep Me Hanging On.

You're Going To Reap Just What You Sow,
You're Going To Reap Just What You Sow,
You're Going To Reap Just What You Sow,
You're Going To Reap Just What You Sow...

thanks.

paris i love you (but you're bringing me down)

i dag, på metroen, snakka eg med ei britisk jente eg kjenner litt om korleis det eigentleg er å bu i paris. eg har dårleg samvit for at når eg er ferdig for dagen på skolen, så ber det rett heim til eit roleg og stille liv med lesing, datamaskin og musikk, eg treng det etter ein dag kor alt er på fransk, eg skal fatte mykje nytt, mange operasjonar på ein gong, det ber ikkje ut i byen, ikkje ut på stan, sitt heime og er sliten og har eit hovud som er fylt til randen. føler meg lat. føler meg udugeleg. det snakka vi om, om korleis ein bur i paris og burde ha den beste tida i livet, og det er jo ikkje det at alt er svart, men paris gjer noko med ein, i alle fall med meg. det treng ikkje å vere paris si skuld, meir universitetet, alle desse bøkene som skal bli lese, alle desse orda eg skal fatte og lære og huske og aldri slå opp meir. 
eg trur eg krev for mykje av meg sjølv. blir sliten. blir lita. usynleg i ein by med 10 millionar menneske. også eg. også eg av alle.

sailor girl

heile den her våren bør handle om å vere sailor girl. sidan eg ikkje kunne vere flink i dag, kjøpte eg meg ein dyr baby som snart kjem i posten (eg kjem til å vente masse heile tida!), og så gikk eg ut døra og brukte meir pengar.


ja. striper, eg elskar striper. pluss ankeret. jess. det er vår.

Déjà mentionné, le titre qui Sartre voudrait était Melancolia

ein må ha musikk når ein skal skrive oppgåve. særleg når ein skal skrive på fransk. eg må alltid ha musikk. lyd. desse songane hjelp meg nett no med å få tida til å gå medan eg prøver hardt å få til. prøver hardt å vere flink.


den finaste filmen eg veit



lost in translation må nok vere den finaste filmen eg veit. fin historie. fine bilete. fin scarlett. fin bill. fin film.

Charlotte: Let's never come here again because it will never be as much fun. 

---

Bob: I don't want to leave. 
Charlotte: So don't. Stay here with me. We'll start a jazz band. 

---

Charlotte: I tried taking pictures, but they were so mediocre. I guess every girl goes through a photography phase. You know, horses... taking pictures of your feet. 



den her filmen er så fin at eg begynner å grine når eg ser han. veslemor har mange kjensle.

déjà

tu me manques

ca marche pas

eg hadde laga ei fin speleliste som eg skulle ha på når mia kom og vi skulle drikke vin saman før vi dro til vår homofile ven ved gare du nord.
men no virkar ikkje ipoden min, og ikkje lyden på dataen heller. det får bli radioen og kva enn det er radioen vil spele. 
og så blir det vel vin når det blir vin. det er ikkje noko stress. berre det med ipoden, for det var dritt.


Les mer i arkivet » April 2010 » Mars 2010 » Februar 2010
aprikos

aprikos

20, Oslo

eg er ei glad jente med stort hår med mange krøllar og eit hjarte som bankar fort når eg går i trapper, så eg vil helst ta heisen. no bur eg i tredje etasje og har ikkje heis, men det er paris, så eg kan ikkje klage.

kartoteket

alt det som allereie har vore

alt det fine som kjem frå meg

dei siste blåbæra

dei andre som eg smugles på

hits